Jammen lenge sidan eg har vore her. Hausten har vore travel. I gårkveld tok Kjellargjengen juniorklubb på bedehuset juleferie. Vi avsluttar med restaurantkveld for slekt og venner av deltakarane og av klubben. 70 stk koste seg med 3 rettes middag. 18 flotte juniorar var servitørar og dei var kledde i svart og kvitt serverte. Med stor entusiasme gjorde dei ein formidabel jobb.
Godt hjelpa av venner og Luster vidaregåande som låner oss kjøkken og utstyr når vi ikkje har nok på bedehuset. Mellom hovedrett og desserten hadde vikarpresten andakt.
Og her ermenyen:
Forrett
Fingermat
Hovedrett
Ovnsbakt Laks ris og salat
Lasagne m ris
Dessert
Moussefantasi
Bringebærdraum
Kaffi
Drikke
Brus
Vatn
Pris: vaksne 100/barn 50
Dette arrangementet lyser opp i ein elles våt haust.
No går det fort mot jul. La oss ikkje kava, men nyta tida som eg lærte i går under andakten at advent ikkje tyder ventetid, men ankomst. Vi ventar Jesu ankomst
fredag 25. november 2011
lørdag 30. juli 2011
Sommaren er nesten over
Denne sommaren har glimra med sitt fråver. Men vi har hatt litt sol, og no nokre dagar har vi kjent at det faktisk er sommar endå.
Vi har vore i Lyngdal på bibelcamping saman med koret LaJoMa. vi hadde ein fin tur saman med Sigrid og Norvald som køyrde med oss og med Asgeir, Thomas og Miriam, som skulle ein tur til Halden for Porsgrunn og ferie.
Vi hadde kjekke dagar på Skjervo saman med dei. Vesle Thomas er ei solstråle, blid og fornøgd her på farfars fang.
På Birkeland fekk vi god overnatting hjå Anna Sofie og Norvald før vi sette nasen mot Lyngdal og nesten ei veke.
Fredagen vart annleis enn forventa, heile Noreg vart rysta av tragedien på Utøya og i Oslo.
Det var då godt å kjenna at eg hadde ein å gå med alle mine tankar og at vi der kunne få lyfta alle som er i sorg og fortviling opp til Han som all trøst kan gje.
Heimvegen gjekk om Rogaland, Nordsjøvegen til Sandnes og vidare Hordalan og Rosendal før vi for alvor sette nasen heim.
Dette er Egersund
mandag 27. juni 2011
Sommaren er her
Mykje har hendt sidan sist. Vinteren er over, men me hadde mykje snø.
- og våren trudde vi kom seint, den kom fort, men brått var den her.
Vi har feira både påske, 17. mai og pinse.
| Veitestrand 14. mai 2011 |
Besøk har vi og hatt og turen gjekk både til Veitastrand og Mollandsmark. Her utsyn over Hafslo frå Mollandsmarka.
Og 15 mai vart vi er besteforeldre ein god liten gut. 21. mai reiste vi til byen saman med oldemor på snart 85. det var kjempekjekt.
Me gler oss storleg.
Sangarstemne har det og vore på Hafslo, den var første helga i juni.
| Kalvåg |
og LaJoMa var på Sogn og Fjordane indremisjonsforbund sitt årsmøte same laurdag som songarstemna.
lørdag 12. februar 2011
Godt nytt år. Happy new year
Mykje har skjedd sidan sist. Vi har feira jul, og Nina var heime i 2 veker og fekk feira bursdagen sin her for første gong på mange år. Vi koste oss. Ho kom så ho fekk med seg julesong 10. Dette er fjerde året ho får den med seg.
Asgeir og Miriam kom til dagen hennar og var her til 1. januar. Alltid flott å ha dei heime
Julafta var besta med oss og ho vart over til 1. juledag, det er og uvanlg, utruleg kjekt.
Julafta var besta med oss og ho vart over til 1. juledag, det er og uvanlg, utruleg kjekt.
her er trekløveret samla
Snø har vi fått så det held. Det starta før jul med mykje snø, og i januar og ferbruar til no har det vore nedbør nesten kvar dag. Vi har brøyta og moka snø. Veit ikkje kor mykje snø det er komme, men vi har moka terassen ca 6 gonger og kvar gong mellom 30 og 40 cm . Tak har vi moka, men vi lurer veldig på kor mykje snø det er på hytta og på selet. Vi får håpa at det går bra og ikkje slik som det gjekk her:
We have a lot ov snow this year, and when the snow is to heavy, it goes like this.
dette er berre ein av tre snødungar
as you can see, a lot of snow
as you can see, a lot of snow
I dag har vi vore på vår første skitur på to år. I fjor var det ikkje snø, men i dag kom årest flottaste dag. Sol frå klar himmel, 13 minusgrader og nydele preparerte løyper. Utanfor løypene er det eit slit å gå.
To day we have been out outing on ski and it was fantastic.
Flott natur. Vi har ein fantastisk skapar. Vanskeleg å tru at alt dette berre kom av seg sjølv, bang.
Gud er god. Han som ikkje sparte sin eigen son, men gav han for oss alle.
Gud er god. Han som ikkje sparte sin eigen son, men gav han for oss alle.
lørdag 6. november 2010
November er her
og det er lenge sida eg har skreve her. Hausten har vore fin, men travel. No er vi komne so langt at vi har starta å øva til julekonsertane. Måndag song vi Glade Jul, rart å syngja det 1. november, men det må til.
I september var vi saman med Hafslo Songlag på tur til Budapest. Det var ein oppleving.
Dette er Geljertstatuen.
Slottshøgda
Donau
Helteplassen
Parlamentet
Basilikaen i Eztergom
Fredsstatuen på Slottshøgda
| Budapest ved natt |
Besøk på slotte i Viesegrad
Abonner på:
Innlegg (Atom)